Lam - Grovdelt

Perfekt dersom du vil laga ditt eige pinnekjøtt og/eller vil dela opp i mindre deler etter smak og behag.

Ei lam har ein vekt på mellom 15-22kg.

Pris: 160kr per kg. Endeling sum blir berekna når du får levert lammet, du vert ikkje fakturert før levering.

Prisdøme her i nettbutikken gjeld eit lam på 15kg. 

Oppdeling (sjå bilde for referanse)

  1. Hel side med bryst med nakke med kotelettkam, lammesadel og lammeribbe x 2. Dette er råstoff som kan saltast og tørkast til pinnekjøtt. Dersom du ikkje vil laga pinnekjøtt kan du jobba vidare med stykket og dela det opp. Både kam og sadel består av både indrefilet og ytrefilet. Kotelettkam kan vi bruka til kotelettar eller carré. Kotelettane eignar seg godt til både grilling og steiking. Lammefilet (indre og ytre) kan skjerast ut og heilsteikast eller blir steikt i medaljongar. Dei kan òg brukast til filt sauté eller grillspyd
  2. Bog x 2, perfekt til langtidsstekning, eller du kan beina han ut, surra og bruke som steik
  3. Lår x 2 blir brukt som lammesteik med og utan bein og til fenalår, i skiver til steiking og grilling. Du kan òg beina ut låret slik at vi får mørbrad, flatbiff, beinfri lammesteik og skav til gryteretter. Lammeskank er den nedste delen av lammelåret og kan breserast, kokt eller bli grilla.

Ønsker du ein anna oppdeling? Sjå våre andre produkt, eller ta kontakt med oss.

Bestilling:

Send bestillingen til oss via nettbutikken eller på post@horgegard.no Når hausten nærmar seg, tek vi kontakt med deg for å avklara bestilling og levering.

Ingen bestilling er endelig før vi har hatt personleg kontakt med deg - enkelt og greitt !

Levering:

Lammekjøttet er klart for levering i veke 39/40.

Velg en variant:

kr 2 400,00
kr 160,00 / 1 kg

Kategorier