Lam - Findelt

Leveres oppdelt og vakumert. Du kan velge mellom eit heilt eller eit halvt lam.

Eit lam veg mellom 15-22kg.

Pris: 170kr per kg. Endelig sum vert berekna når du får levert lammet, du vert ikkje fakturert før levering.

Prisdøme her i nettbutikken gjeld eit heilt lam på 15kg.

Oppdeling (sjå bilde for referanse)

  1. Bryst med nakke i skiver blir brukt fersk eller lettsaltet, til frikassé, fårikål og som innlegg i rull.
  2. Bog i skiver eller heile kan serverast fersk eller lettsaltet. Blir brukt til kokte rettar som fårikål, frikassé og andre gryteretter. Av bog kan du òg lage kjøttdeig som blir brukt til b.la moussaka og greske kjøttbollar. Du kan langtidssteike den heil, fantastisk godt!
  3. Kotelettar av kam og sadel. Lammesadel går frå låret og fram til ribbeina, kammen går frå ryggen og fram til nakken. Både kam og sadel består av både indrefilet og ytrefilet. Kotelettane eignar seg godt til både grilling og steiking.
  4. Lammeribbe heil eller i deler, og slagside kan brukast til fårikål, grillkjøtt og gryteretter. Kan og saltast og tørkast til pinnekjøtt. Slagsiden kan brukast til lammerull.
  5. Lår blir brukt som lammesteik med og utan bein og til fenalår, i skiver til steiking og grilling. Du kan òg beina ut låret slik at vi får mørbrad, flatbiff, beinfri lammesteik og skav til gryteretter. Lammeskank er den nedste delen av lammelåret og kan breserast, kokt eller grilla.

Bestilling:

Send bestillingen til oss via nettbutikken eller på post@horgegard.no Når hausten nærmar seg, tek vi kontakt med deg for å avklara bestilling og levering.

Ingen bestilling er endeleg før vi har hatt personleg kontakt med deg - enkelt og greitt !

Levering:

Lammekjøttet er klart for levering i veke 39/40.

Velg en variant:

kr 2 550,00
kr 170,00 / 1 kg