OM OSS
Bak Horge gard, står ein familie på 4 som ønsker å produsera og tilby produkt basert på tradisjonar og i samspel med naturen rundt oss. For oss er det viktig å ha ei driftsform som er god for dyra, naturen og oss.
OM GARDEN
Garden ligg i øvste dalføret i Lærdal kommune i Borgund, omgitt av høge fjell og Borgundselva. Horge er blant dei eldste gardane i Borgund og har lang tradisjon med tradisjonell husdyrdrift. Dei siste åra har sau, samt jakt og fiske har vore primærnæringa. Vi har store ressursar i utmarka der sauene held til mykje av tida. I same området tilbyr vi jakt på rein, hjort, rype og har gode fiskevatn. Området ligg i uberørt vakker natur.
Vi satsar på sauerasen gammalnorsk spæl. Dette er ein urgammel rase som tidlegare var utryddingstrua. Rasen har instinkta sine i behald og er hardfør. Vi ønsker at dyra våre skal få utfolda seg i det naturlege elementet sitt og følgja sine eigne instinkt. Vi trur at dette har stor innverknad på korleis resultatet blir.
VÅR DRIFTSFORM
Vi ønsker å spela på lag med naturen og utnytta dei resursane som vi har tilgjengeleg rundt oss. I tillegg følgjer vi det økologiske kretsløp og er debiosertifisert. Dyrevelferd, natur og økologi har vore grunnsteinane frå starten. Vi ønsker at dyra våre skal få utfolda seg i sitt naturlege miljøet.
Dyra våre går på utegang for det meste av året med over 300 utedager. Dei kan dei velja mellom å gå ute i det fri, eller søka ly for vêr og vind i leskur eller i fjøset. Det er berre under paring og lamming vi tar dyra inn då vi ønsker at dette skjer under kontrollerte former.
Etter sauene får lam i april/mai, slepp me dei gradvis ut på beita saman med mor. I juni byrjar sesongen for fjellbeite og sauene beitar då oppover fjellsida, mot høytliggende fjell på over 1500 m.o.h. Her har dei har tilgang på fantastiske beite og kan velja ut det beste av gras, urter og bladvekstar. Tilsyn og GPS sporing, gjer at vi har kontroll på både beitemønster og helse i utmark.
I september / oktober, blir sauene henta ned frå fjellet og dyra går da frå fjellbeite med eit lite opphald på innmarksbeite, før dei blir leverte til slakteriet.


