ØKOLOGISK lammekjøtt og fell

Kanskje du saknar slakteren der du kunne velja oppdeling, eller på jakt etter økologiske produkt som skil seg frå det du finn i butikken? Eller, kanskje du vil vete litt meir om kjøttet du et?

Uansett kva, med nokre få klikk (eller trykk) kan du handle økologisk lammekjøtt etter eige ønske, eller ein varm fell - direkte frå oss,  like trygt som i butikken.

 Kjøtt frå gammalnorsk spælsau er kjent for å ha ein mild, viltprega smak. Kjøttet er marmorert, magert, mørt og fantastisk godt! Vi sluttforer ikkje våre lam med kraftfor, produktet er 100% naturleg! Kjøtt frå denne rasen blir ikkje merka i butikk, einaste moglegheit er å handla direkte frå ein produsent.

Lam leverer me som ferskvare i veke 39/40, direkte fra godkjent slakteri/nedskjæringsbedrift. Sauefell har me heile året, så lenge lageret rekk.

Slik handlar du frå oss 

Send ein bestilling

Finn produktet du vil ha, legg det i handlekurven og send bestilling til oss.

Me tek kontakt (gjeld lammekjøtt)

Når hausten nærmar seg tek me kontakt for å sjekke bestillinga di.

Levering

Fellen kjem i posten, eller hent lammekjøttet på garden

Pakk opp

Og nyt. Enkelt og greit!