JAKT OG FISKE

Dei fleste kjenner vestlandet med bratte fjell med djupe dalar. Dette gjenspeglar og vårt terreng. Vi forvaltar ca 16 000 dekar med jaktterreng, frå 400 m.o.h til 1503 m.o.h. Hjorteterrenget strekk seg frå garden og opp til tregrensa. Reinterrenget inngår i felles villreinområde for Lærdal og Årdal og tel 488 km2. Rypeterrenget finn du frå Horgestølen, oppover fjellsida, på toppane og innover Horgedalen. Vegen opp er bratt, men det er gløymt når du kjem til Horgestølen som ligg naturleg plassert i svakt skråande terreng og gradvis tar stigninga innover Horgedalen til Fagersete, ein brei og frodig dal med gode forhold for lirype og fjellrype. I dalen finn du 2 gode fiskevatn, båtnaust og ei jakthytte.

Storviltjakt

Hjort og reinsjakt

Hjortevaldet tel ca 2700 dekar. Tidleg i sesongen står hjorten høgt i terrenget, jakta føregår då med utgangspunkt frå Horgestølen. Det er her vi fell flest dyr. Seinare i sesongen blir jakta flytta ned i skogen og i områda rundt garden. Vi har løyve på bukk, kolle, ungdyr og kalv.

Reinterrenget inngår i felles villreinområde for Lærdal og Årdal og tel 488 km2. I reinsjakta får du moglegheit til å utøva jakt i heile området, med tilgang på veg inn valdresdalen.

Vi leier ut hjortejakt til jaktlag over fleire år. Hjortejakt er leid ut for sesongen 2025, reinsjakt for 2025 er ledig (venteliste)

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er interessert i storviltjakt.

Småvilt

Rypejakt

I Horgedalen finn du både lirype og fjellrype. Rypeterrenget strekk seg frå Horgestølen oppover fjellsidene, opp på toppane og innover Horgedalen.

I dag er det ein god bestand av rype i området. Det er viktig for oss med berekraftig forvaltning for å halda oppe bestanden. Derfor leiger vi berre ut rypejakt på årsbasis, helst over fleire år med fornuftig uttak basert på årets taksering. Du som jeger er då med på å halda oppe ein god bestand slik at neste år blir like god, om ikkje betre.

Vi har leid ut rypejakt for sesong 2025

Fisk
Fjellørret

I Horgedalen finn vi øvre og nedre Fagersetvaten. Begge vatn har ein god bestand av fjellørret og passar godt til stang, oter og garnfiske.

Ørretbestanden er stor, noko som gjer at det nappar fort i stanga og det er lett å få fisk. Stor bestand gjer at det er det lengre mellom kilofiskane, normalt ligg fangsten på 2-300 gram men større ruggar bit og på.

vi selger fiskekort for stang/oterfiske. Det er ikkje mogleg å leiga hytte i samband med fiske, men det er fine forhold for å setja opp telt. Fiskekort kjøper du ved å senda ein sms til 48164730 (vi sender vippskrav) og kostar 100kr per dag, per stang.

Vegen dit og overnatting

Turen opp og tak over hovudet

Det er tilbod om overnatting på Horgestølen og på Fagersete i samband med jakta.

Selet på Horgestølen og jakthytta på Fagerset er det vi kan sei er tradisjonelle fjellhytter. På stølen har vi eit sel med enkel standard, med 3 senger, ovn og ein liten sitteplass fordelt på 5 m2. På Fagersete finn du ei jakthytte på 12 m2, 3 senger med soveplass til 5 gode venner, bord, stoler, vedovn og kokemuligheter. Her har du det viktigeste, og ho er stor nok til koselege kveldar innandørs. På begge stader er det fine forholdet for å setja opp telt. På Fagersete er det tilgang på eit 8mannstelt.

Varme får du frå ved og parafin, lys frå stearin og vatn finn du i bekken.

Du vil (med sekk) bruka ca 1 1/2 - 2 timar frå garden opp til Horgestølen. Turen vidare inn til Fagersete tar ca 45min - 1 time (sjå kart). I reinsjakta er det tilgang på veg inn Valdresdalen frå Filefjell.

Kvar vinter køyrer vi inn ved og utstyr inn på Fagersete. Vi tilbyr alle leigetakarar ei moglegheit for å frakta inn proviant og utstyr på denne turen.

Selet på Horgestølen blir brukt primært som overnatting i hjortejakta, hytta på Fagersete blir brukt i samband med reinsjakt og rypejakt.

TA KONTAKT MED OSS 

Send oss kontaktdetaljane dine og vi vil ta kontakt med deg så raskt som mogleg.