HORGE GARD

På Horge i Lærdal tilbyr vi jakt og fjellfiske i ekte vestlandsnatur og økologiske produkt frå sauerasen gammalnorsk spælsau. Samspel mellom menneske, dyr og natur er viktig for oss. Vi meiner at eit godt samspel gir grobotn for gode produkt og opplevingar!

RETT FRÅ FJELLET!

Kjøp varme sauefeller eller økologisk lammekjøtt frå gammalnorsk spælsau, kjent for sitt velsmakande kjøtt - direkte frå oss uten mellomledd!

Lam - Grovdelt

Perfekt dersom du vil laga ditt eige pinnekjøtt og/eller vil dela opp i mindre deler etter smak og behag. Ei lam har ein vekt på mellom 15-22kg. Pris: 160kr per kg. Endeling sum blir berekna når du får levert lammet, du vert ikkje fakturert før levering. Prisdøme her i nettbutikken gjeld eit lam på 15kg.  Oppdeling  (sjå bilde for referanse) Hel side med bryst med nakke med kotelettkam, lammesadel og lammeribbe x 2 . Dette er råstoff som kan saltast og tørkast til pinnekjøtt. Dersom du ikkje vil laga pinnekjøtt kan du jobba vidare med stykket og dela det opp. Både kam og sadel består av både indrefilet og ytrefilet. Kotelettkam kan vi bruka til kotelettar eller carré. Kotelettane eignar seg godt til både grilling og steiking. Lammefilet (indre og ytre) kan skjerast ut og heilsteikast eller blir steikt i medaljongar. Dei kan òg brukast til filt sauté eller grillspyd Bog x 2, perfekt til langtidsstekning, eller du kan beina han ut, surra og bruke som steik Lår x 2 blir brukt som lammesteik med og utan bein og til fenalår, i skiver til steiking og grilling. Du kan òg beina ut låret slik at vi får mørbrad, flatbiff, beinfri lammesteik og skav til gryteretter. Lammeskank er den nedste delen av lammelåret og kan breserast, kokt eller bli grilla. Ønsker du ein anna oppdeling? Sjå våre andre produkt, eller ta kontakt med oss. Bestilling: Send bestillingen til oss via nettbutikken eller på post@horgegard.no Når hausten nærmar seg, tek vi kontakt med deg for å avklara bestilling og levering. Ingen bestilling er endelig før vi har hatt personleg kontakt med deg - enkelt og greitt ! Levering: Lammekjøttet er klart for levering i veke 39/40.

kr 2 400,00

Lam - Findelt

Leveres oppdelt og vakumert. Du kan velge mellom eit heilt eller eit halvt lam. Eit lam veg mellom 15-22kg. Pris: 170kr per kg. Endelig sum vert berekna når du får levert lammet, du vert ikkje fakturert før levering. Prisdøme her i nettbutikken gjeld eit heilt lam på 15kg. Oppdeling  (sjå bilde for referanse) Bryst med nakke i skiver blir brukt fersk eller lettsaltet, til frikassé, fårikål og som innlegg i rull. Bog i skiver eller heile  kan serverast fersk eller lettsaltet. Blir brukt til kokte rettar som fårikål, frikassé og andre gryteretter. Av bog kan du òg lage kjøttdeig som blir brukt til b.la moussaka og greske kjøttbollar. Du kan langtidssteike den heil, fantastisk godt! Kotelettar av kam og sadel. Lammesadel går frå låret og fram til ribbeina, kammen går frå ryggen og fram til nakken. Både kam og sadel består av både indrefilet og ytrefilet. Kotelettane eignar seg godt til både grilling og steiking. Lammeribbe heil eller i deler, og slagside  kan brukast til fårikål, grillkjøtt og gryteretter. Kan og saltast og tørkast til pinnekjøtt. Slagsiden kan brukast til lammerull. Lår blir brukt som lammesteik med og utan bein og til fenalår, i skiver til steiking og grilling. Du kan òg beina ut låret slik at vi får mørbrad, flatbiff, beinfri lammesteik og skav til gryteretter. Lammeskank er den nedste delen av lammelåret og kan breserast, kokt eller grilla. Bestilling: Send bestillingen til oss via nettbutikken eller på post@horgegard.no  Når hausten nærmar seg, tek vi kontakt med deg for å avklara bestilling og levering. Ingen bestilling er endeleg før vi har hatt personleg kontakt med deg - enkelt og greitt ! Levering: Lammekjøttet er klart for levering i veke 39/40.

kr 2 550,00

Langhåra sauefell

Økologisk langhåra sauefell frå gammalnorsk spælsau. Skinnet er garva (behandla) hos Granberg garveri i Noreg. Naturlege fargar og variasjon i kvart enkelt skinn. Desse er utruleg flotte, slitesterke, varme og populære! Vil du sjå før du tek valget? Ta kontakt med oss. Vi har skinn på lager i ulike farger. Spesifiser hvilke farge du ønsker når du bestiller: - Hvit  - Brun - Grått - Sort   Levering Du kan hente hjå oss, eller me sender fellen til deg i posten.

kr 1 990,00

    KUNDANE VÅRE SEIER

    "Beste sauekjøttet eg har ete" , "Ungene åt alt, dei som ikkje liker sau!" , "Mørt og fantastisk"

    JAKT OG FISKE

    I utmarka har vi ressursar som er hausta av menneske frå gammalt av. Her har vi ein fin bestand av hjort, rein, lirype og fjellrype, samt gode fiskevatn med fjellørret. Alt dette i privateid og urørt terreng. Vi leiger berre ut eksklusiv jakt med føreseielege og forpliktande avtalar mellom oss og leigetakar. God forvaltning er viktig for oss. Til gjengjeld får du som leigetakar moglegheit til å utdøve jakt og fiska heilt aleine, når og kvar du vil. Du påverkar sjølv korleis neste sesong kan bli.